Løypa er 4,3 km lang fordelt på 456 høgdemeter. Frå start på idrettsplassen følgjer løypa den gamle gruslagte jernbanelinja sørover flatt ca. 800 m, til blåmerka turløype opp til toppen(til høgre i enden av linja).
Gjennomsnittleg stigning er ca. 10 %, 60-70% av underlaget er sva-fjell. Etter ca. 1,5 km går løypa opp et bratt sva-parti med stigning ca. 20 %. Dette er det lengste brattpartiet i løypa og i enden finn du drikkestasjonen. Etter sva-partiet, følgjer løypa ryggen av fjellet i kupert terreng med panoramautsikt i alle retningar, Før den siste bratte oppstigninga mot toppen, er det eit relativt flatt parti på ca. 300 m.
Skilt syner gjenståande km til målplassering. Løypa er godt merka med blåfarge.